Prosjekt inkludering av barn og unge

Våren 2021 søkte Gloppen Frivilligsentral, og fekk innvilga, prosjektmidlar frå Helsedirektoratet gjennom tilskotsordninga «Mobilisering mot ensomhet». Bakgrunnen for søknaden var ynskje om eit betre fritidstilbod for barn og unge med nedsett funksjonsevne i Gloppen. Prosjektet er vel gjennomført og det har munna ut i fleire nye tilbod.

Fyrste delmål i prosjektet var tiltaket Aktiv i basseng, eit symje/badetilbod til barn og unge med nedsett funksjonsevne. Dette har vore vellykka og er vidareført etter at prosjektet vart avslutta. Ein har utvida tilbodet med å inkludere også barn og unge som har utfordringar sosialt. Denne gruppa har faste timar ein gong i veka i symjehallen. Ein har også komt i gang med eit liknande gruppetilbod innan gaming for barn og unge som ikkje finn seg til rette i andre tilbod. 

Det andre delmålet var å utvikle støttekontaktordninga i Gloppen i tråd med nasjonale råd og rettleiingar.  Helsedirektoratet legg opp til at støttekontaktordninga kan organiserast på tre måtar; individuell støttekontakt, deltaking i en aktivitetsgruppe og et individuelt tilbod i samarbeid med en frivillig organisasjon. Støttekontaktordninga omfattar personar i alle aldrar.  Gjennom erfaringane vi har gjort oss i Aktiv fritid, og no gamingtilbodet, har Gloppen kommune no utvida støttekontaktordninga med eit tiltak som vert kalla Aktiv fritid.

Aktiv fritid er eit samarbeid mellom kulturavdelinga og helse- og velferd, og tanken bak er at ein nyttar avgrensa kommunale ressursar på ein betre måte. Aktiv Fritid er tenkt å jobbe som koordinator og tilretteleggjar for personar som henvender seg til kommunen. Dette kan vere personar som synest det er vanskeleg å finne ein fritidsaktivitet som passar, og som av ulike årsaker har utfordringar som hindrar dei i å delta i fritidsaktivitetar. Ved enkelthenvendingar vil ein forsøke å rettleie personen til å finne ein fritidsaktivitet eller ta kontakt med ein lag/organisasjon som kan vere aktuell. Vi vil også kunne vurdere om støttekontaktordninga kan bruke ressursar for at fleire kan komme i aktivitet i eit gruppetilbod. Aktiv Fritid vil ikkje kunne bestemme om nokon skal få individuell støttekontakt, då dette er vedtak som vert tildelt som ei helseteneste.

2024 © Gloppen frivilligsentral