Rusfri 16. mai natt

Rusfri 16. mai-feiring på Sandane har vore arrangert i ei årrekkje. Årets arrangement vert, som tidlegare år, arrangert i Trivselshagen.

Målgruppa er ungdom f.o.m. 9. klasse t.o.m. 19 år. Ungdommane betalar inngangsbillett og vi  byr på taco, brus og konsert. 

I år er det mulig å kjøpe billett på førehand på Trivselshagen sine nettsider.

Kvelden vert avslutta med trekking av flotte premiar, som næringslivet har sponsa heilt eller delvis. Politiet er til stades og tek alkotest av vinnarane før dei får utlevert premien. Alle ungdommane er med i trekninga.

Der vert vakter til stades inne i Trivselshagen, nattevandrarar og Røde Kors hjelpekorps går ute i sentrum, for å sjå til at alle har det bra. Det er sett opp buss til Byrkjelo kl 00.30. 

Vi ynskjer ungdomane velkomne til ei kjekk rusfri 16. mai natt!

Arr.: Gloppen kommune, Nattevandrarane, Gloppen Trafikkskule, Den norske kyrkja, Sion, Røde Kors, STIL fotball og Frivilligsentralen.


Flere nyheter
2024 © Gloppen frivilligsentral