-
Rusfri 16 mai natt
Vi er godt igong med planlegging av årets arrangement. Eg har fått med meg en gjeng flotte og kreative ungdommar i tillegg til mine vanlige frivillige. Vi er et flott team så dette blir nok eit kanonarrangement!!!! Følg med for oppdateringar:-)
Sesongavslutting strikking
I kveld er det siste gang med strikking før sommaren. Møt opp på frivilligsentralen kl 19 og så går vi til friluftsmuseet på piknik! Velkomen!Del på:
-
Grasrotandelen – Litt støtte blir til mykje!!!
Heile overskotet til Norsk Tipping går til samfunnsnyttige formål. Visste du at du som er Norsk Tipping-kunde kan være med og bestemme kva deler av overskotet skal gå til? Det kan du gjennom Grasrotandelen.
-
Open Hall 24. mars!!!
Vi knallar til med ny Open Hall i påska!!! Både Maria, May-Britt og eg var i sving under Open Hall forrige gong. I tillegg hadde vi med oss 2 turninstruktørar, 3 frå crewet på "Subben" og 4 frivillige i klatreveggen. Når det kjem så mykje folk er vi HEILT avhengige av hjelp frå frivillige!!! Vi har fortsatt plass til fleire hjelparar!!!
-
Den internasjonale kvinnedagen
Vi feirer den internasjonale kvinnedagen; 8. mars på Nordfjord Folkemuseum. Godt program med dugande kvinner, mat og prat! Velkomen!!!
-
Open Hall
Open Hall 4. februar vart ein suksess!!! Vi har planar om å arrangere Open Hall 11 gongar til. Kan du bidra? Det kan vere enkle oppgåver som å rigge til og rydde i hallen eller organisere kø til aktivitetane. Har du brattkort eller sikringskurs? Idèar til aktivitetar eller andre ferdigheiter som kan kome til nytte i Open Hall?