-
Rusfri 16 mai natt
Vi er godt igong med planlegging av årets arrangement. Eg har fått med meg en gjeng flotte og kreative ungdommar i tillegg til dei vanlig medarrangørane mine. Vi er et godt team så dette blir nok eit kanon arrangement!!!! Følg med for oppdateringar:-)
Solidaritetsmarkering for Ukraina!
Håpar mange frivillige stiller på dette viktig arrangementet! Møt opp ved STiL stova ikveld kl 19.30!Eitt år, 365 dagar, etter at Russland invaderte Ukraina vil vi markerer dagen også her i Gloppen: for fridom, solidaritet med og kampvilje for Ukraina og støtte til dei ukrainarane som bur her.
I tillegg til dei ukrainarane som bur fast i kommunen har det allereie kome 53 som har flykta frå landet det siste året. Og fleire vil vi ta i mot om litt.
Vi inviterer til fakkeltog fredag 24. februar klokka 19.30.
Oppmøte framfor STIL-stova der vi kveikjer faklar. Vi går i fakkeltog til Heradsplassen. Der vert det markering med allsong, appellar og diktlesing.
Alle er velkomne!
Medtilskiparar: Breim bondelag, Gloppen bondelag, Hyen bondelag, Gloppen KrF, Gloppen Høgre, Gloppen Sp, Gloppen SV, Gloppen Ap, Gloppen Venstre, Gloppen MDG, Breim idrettslag, Firda vgs, Breim bygdekvinnelag, Gloppen bygdekvinnelag, Utdanningsforbundet Gloppen, Den norske kyrkja i Gloppen, Sandane Turn og Idrettslag, Gloppen janitsjar.
Innsamling av pengar til Røde kors:
Vippsnummer: 539418
Kontonummer: 3710 07 00019
Merk meldinga med: Ukraina
Del på:
-
Grasrotandelen – Litt støtte blir til mykje!!!
Heile overskotet til Norsk Tipping går til samfunnsnyttige formål. Visste du at du som er Norsk Tipping-kunde kan være med og bestemme kva deler av overskotet skal gå til? Det kan du gjennom Grasrotandelen.
-
Open Hall 24. mars!!!
Vi knallar til med ny Open Hall i påska!!! Både Maria, May-Britt og eg var i sving under Open Hall forrige gong. I tillegg hadde vi med oss 2 turninstruktørar, 3 frå crewet på "Subben" og 4 frivillige i klatreveggen. Når det kjem så mykje folk er vi HEILT avhengige av hjelp frå frivillige!!! Vi har fortsatt plass til fleire hjelparar!!!
-
Den internasjonale kvinnedagen
Vi feirer den internasjonale kvinnedagen; 8. mars på Nordfjord Folkemuseum. Godt program med dugande kvinner, mat og prat! Velkomen!!!
-
Open Hall
Open Hall 4. februar vart ein suksess!!! Vi har planar om å arrangere Open Hall 11 gongar til. Kan du bidra? Det kan vere enkle oppgåver som å rigge til og rydde i hallen eller organisere kø til aktivitetane. Har du brattkort eller sikringskurs? Idèar til aktivitetar eller andre ferdigheiter som kan kome til nytte i Open Hall?