Sterk og stødig

Sterk og Stødig er igang igjen! Dette er trimgrupper for seniorar. Treningsprogrammet gir allsidig trening og har spesielt fokus på fallførebygging. Treningane er opne og du kan møte opp utan å melde deg på på førehand. Både dei som har delteke før og nye deltakarar er hjartleg velkomne!

"Sterk og stødig" er forebyggande treningsgrupper for seniorar. Gruppetreningane er basert på fleire internasjonale studier som har undersøkt effekten av balanse- og styrketreningsprogram for seniorar med risiko for fall og funksjonssvikt. Målgruppa er heimebuande seniorar som kan gå utan hjelpemiddel innandørs. 

Treningsgruppene er etablert i eit samarbeid mellom idrettslaga Fjellhug Vereide, Brodd, Frisklivssentralen  og Frivilligsentralen. Alle instruktørane har vore gjennom instruktøropplæring. 

Treningane foregår

Runnevang måndagar kl 17. Oppstart 27.september.

Nordstranda skule torsdagar kl 16.30. Oppstart 9. september.

Kantina på omsorgssenteret fredagar kl 10-11. Her må du kontakte fysioterapeut for å avklare deltaking.

Treng du skyss kan du kontakte frivilligsentralen på tlf. 92120505.


Det gjeld enno smittevernsreglar og alle som deltek må følgje desse: 

- det kan maks vere 30 deltakarar på kvar trening. Alle deltakarane vert registrerte (blir oppbevara i 14 dagar)

- det skal vere ein meter mellom kvar deltakar

- deltakarane skal vaske seg/sprite seg på hendene før og etter trening

- dei som har vore på reise i område med mykje smitte skal vente i ti dagar før dei deltek på gruppetilbod

- dei som skal delta på trening må vere friske

- det kan kome endringar ved lokale smitteutbrot

Flere nyheter
2024 © Gloppen frivilligsentral