Sterk og stødig gruppe på Sandane!

Frisklivsentralen i Gloppen har starta ei ny Sterk og stødig gruppe på Sandane. Petra, Marit og Turid står klar til å ta imot dåkke. Møt opp ved hovedinngangen.
Er du litt ustø, over 65 år og kjenner at beina ikkje er så sterke lenger? Ynskjer  du å bli sterkare og stødigare?
Då kan Sterk og stødig-gruppene vere noko for deg!
Du er velkomen til å trene i ein av våre treningsgrupper for seniorer, med hovudvekt på balanse- og styrketrening. Du treng ikkje ha nokon erfaring med trening frå tidlegare, men du må kunne gå innandørs utan hjelpemiddel.
Ta kontakt på tlf: 99157962 dersom dåkke har spørsmål.
2024 © Gloppen frivilligsentral