Erklæring om teieplikt

Personar som tar oppdrag for frivilligsentralen må ha akseptert erklæring om teieplikt.

Erklæring om teieplikt

Som frivillig forplikter eg meg med dette til ikkje å bruke, vise, utlevere eller på annan måte gjere tilgjengeleg for uvedkomande informasjon om alle personlege opplysningar som eg er blitt kjent med i mitt arbeid knytt til frivilligsentralen.

Eg vil også vise aktsemd i omtale av andre forhold som eg blir kjent med eller erfarer under mitt arbeid.

Personlege opplysningar som er gitt av en brukar i forbindelse med saksbehandling og/eller hjelpearbeid, kan etter samtykke frå bruker nyttast internt. 

Eg har lese lovtekst som ligg til grunn i denne erklæringa. Eg er dermed klar over straffelovens kapittel 21 samt markedsføringslovens § 28 og § 29. Eeg er kjent med at brot på dette medføre straffeansvar.

Eg er også klar over at teieplikta gjeld både i den tida eg er knytt til frivilligsentralen og etter at mitt engasjement er avslutta. 

Som frivillig pliktar eg meg til å: 

  • sei frå når eg er sjuk, eller av anna grunn er hindra frå å kome. 
  • sei frå når noko ikkje fungerer 
  • sei frå når eg ikkje kan fortsette mitt engasjement, også ved ferie/ opphald 
  • sei frå når eg vil slutte

Eg er kjent med og godtar at tilsette ved frivlligsentralen har eit oppfølgingsansvar og har behov for å høyre korleis kontakten med brukaren går. 

Relevante lovstader

Teieplikta sitt omfang

Teieplikta omfattar helse- og sjukdomsforhold, kjensleliv, livssyn, og religion, familieforhold og slektskap, utdanning, haldningar, arbeid og økonomisk situasjon, fødestad, personnummer, statsborgarskap, yrke, bustad og arbeidsstad, - når brukaren gir opplysningar til dagleg leiar, frivillig hjelpar, eller styret, som ledd i hjelpearbeidet, og når vidareformidling kan medføre skadeverknad for den det gjeld.

Bruk på nett

Teieplikta gjeld også dersom den frivillige har stadfesta at den er akseptert på en nettside.

2024 © Gloppen frivilligsentral