-
Aktivitetsvenn
Som frivillig aktivitetsvenn blir du kobla med ein person med demens som har same interesse som deg. De kan gå tur, spele spel, fiske, måle, gå på kino og delta på kulturarrangement - eller møtest for ein kopp kaffi og ein prat. Målet er at den tida de er saman, skal vere til glede for begge!
Hjelp med mobil, nettbrett og datamaskin
Gloppen Frivilligsentral samarbeider med seniornett om opplæring for å heve datakompetansen blant folk flest. Vi har alt frå data/mobilhjelp på Gloppen Folkebibliotek ein dag i veka til ein til ein undervisning og meir jamnlege kurs i grupper.Medlemskap i seniornett
Du kan bli medlem av seniornett og delta på faste klubbmøter tirsdagane.
Kurs, ein til ein undervisning
Seniornett arrangerer også kurs. No skal dei, for andre gong, starte opp med eit kurs, opent for folk i alle aldrar, som har behov for meir komptanse for å henge med i kvardagen. Her betalar du kr 200,- for 12 timar og kan i stor grad bestemme innhaldet sjøl sidan undervisninga føregår individuelt. Dette er eit samarbeid mellom pensjonistlaga i Gloppen, Kommunen, Seniornett og Gloppen datastove. Eit kjempetilbod etter vår meining, så meld dokke på!
Vi har påmelding på Gloppen Frivilligsentral. Ring oss eller kom innom!
Gratis hjelp til mobilen eller nettbrettet
Siste nytt er samarbeid mellom Seniornett, Frivilligsentralen og Gloppen Folkebibliotek. Kvar mandag mellom klokka 13 og 14 vil det vere folk frå seniornett på biblioteket, som er klare til å hjelpe deg om du droppar innom på jakt etter hjelp med mobilen eller nettbrettet. Ikkje krav om påmelding eller betaling -her er det berre å møte opp -og så kan du også få med deg ei god bok i farten!
Del på:
-
Besøksven/turven
Ein besøksven møter menneske som bur heime eller på institusjon og som har meldt at dei ønskjer nokon som besøkjer dei fast. Aktiviteten dei gjer saman kan vere å gå ein tur saman, spele spel, drikke kaffi, lese avisa eller prate og le saman!
-
Demenskor
Har du, eller kjenner du nokon med kognitiv svikt som er glad i å synge? Kontakt Gloppen Frivilligsentral for meir info eller påmelding.
-
Fredag på Myra
Dagaktivitetstilbod til heimebuande med demens. Eit tilbod til dei som likar seg ute heile året og som greier å gå litt i terrenget. Ei gruppe på inntil seks deltakarar møtest saman med ein fagansvarleg. På Myra er det toalett og grillhytte, og i Servicebygget er det alltid varmt dersom det blir for kaldt ute. Av og til sommartid tek vi turar/utflukter til støylar og dalar.
-
Følgeteneste
Treng du følgje til sjukehus, lege, tannlege o.l? Ta kontakt med oss så kan vi prøve å hjelpe!