8.mars-markering

Vi samlast kl 19 på Heradsplassen for å feire den internasjonale kvinnedagen.

Vi har eit flott program; det blir appell ved Hege Lothe og Deko Mohammed. Song ved Ola Tennes og Kjerringlokk. Sigrid Losnegård Hoddevik les dikt - og Marit Helgheim leier oss gjennom kvelden!

Vi minner om smittevernreglar og ber deg vere heime ved symptom eller mistanke om sjukdom. Alle som kjem på arrangementet vert registrert og det er viktig at vi alle held god avstand. Når vi gjere dette, så skal vi få ein fin kveld saman på Heradsplassen!

Flere nyheter
2024 © Gloppen frivilligsentral