-
Rusfri 16 mai natt
Vi er godt igong med planlegging av årets arrangement. Eg har fått med meg en gjeng flotte og kreative ungdommar i tillegg til dei vanlig medarrangørane mine. Vi er et godt team så dette blir nok eit kanon arrangement!!!! Følg med for oppdateringar:-)
Heimkøyring av varer
I samarbeid med daglegvarebutikkane og Gloppen kommune tilbyr vi heimkøyring av matvarer til dei som ikkje kan handle sjølve eller har hjelp til det. Vi treng frivillige under 65 som ikkje er i risikogruppe!Vi treng deg som vil vere frivillig. Du må ikkje har symptom på sjukdom eller vere heime i karantene. Du må ikkje vere over 65 år eller i risikogruppa. Du må ikkje har vore på reise utafor Noreg etter 27.februar. Du må også forhalde deg til karantenereglane som er innført for innanlandsreiser.
Du må vere 18 år og det er ein fordel med førarkort og at du disponerar bil.
Folkehelseinstituttet seier følgjande om kven som er risikogruppe for å utvikle alvorleg sjukdom som følgje av koranaviruset
"Hvem har økt risiko for alvorlig forløp av covid-19 (sykdom pga. det nye koronaviruset)?
Basert på opplysninger fra utbruddet i Kina, ser det ut til at følgende grupper har høyere risiko for alvorlig forløp av covid-19:
- Eldre personer (over 65 år)
- Voksne personer med underliggende kronisk sykdom som hjerte-karsykdom, diabetes, kronisk lungesykdom, kreft og høyt blodtrykk.
- Personer som røyker har mulig også en høyere risiko for alvorlig koronavirus-sykdom (covid-19)."
Del på:
-
Grasrotandelen – Litt støtte blir til mykje!!!
Heile overskotet til Norsk Tipping går til samfunnsnyttige formål. Visste du at du som er Norsk Tipping-kunde kan være med og bestemme kva deler av overskotet skal gå til? Det kan du gjennom Grasrotandelen.
-
Open Hall 24. mars!!!
Vi knallar til med ny Open Hall i påska!!! Både Maria, May-Britt og eg var i sving under Open Hall forrige gong. I tillegg hadde vi med oss 2 turninstruktørar, 3 frå crewet på "Subben" og 4 frivillige i klatreveggen. Når det kjem så mykje folk er vi HEILT avhengige av hjelp frå frivillige!!! Vi har fortsatt plass til fleire hjelparar!!!
-
Den internasjonale kvinnedagen
Vi feirer den internasjonale kvinnedagen; 8. mars på Nordfjord Folkemuseum. Godt program med dugande kvinner, mat og prat! Velkomen!!!
-
Open Hall
Open Hall 4. februar vart ein suksess!!! Vi har planar om å arrangere Open Hall 11 gongar til. Kan du bidra? Det kan vere enkle oppgåver som å rigge til og rydde i hallen eller organisere kø til aktivitetane. Har du brattkort eller sikringskurs? Idèar til aktivitetar eller andre ferdigheiter som kan kome til nytte i Open Hall?