-
Rusfri 16 mai natt
Vi er godt igong med planlegging av årets arrangement. Eg har fått med meg en gjeng flotte og kreative ungdommar i tillegg til dei vanlig medarrangørane mine. Vi er et godt team så dette blir nok eit kanon arrangement!!!! Følg med for oppdateringar:-)
Takk for oss!
Frå nyttår blir det endringar i tilsette ved Gloppen Frivilligsentral.31. desember takkar Anne Neteland Andenæs for seg på Frivilligsentralen, og 31. januar gjeld det same for Elfrid Rauset Håheim. Olin Almenning har vore med oss som prosjektmedarbeidar og har avslutta sin periode her.
Vi vil seie takk for godt samarbeid med frivillige og samarbeidspartar. Det er gjevande å få jobbe på frivilligsentralen, og vi har med oss mange gode minner og venskap frå tida her. Vi vil sakne dykk!
Vi er veldig takksame for at vi har fått ein ny, flott dagleg leiar i Kari Arnestad som tek til 1.januar. Vi ønskjer henne lykke til!
Bilda er frå ei minnerik og hyggjeleg avslutting med tilsette og styret.
Del på:
-
Grasrotandelen – Litt støtte blir til mykje!!!
Heile overskotet til Norsk Tipping går til samfunnsnyttige formål. Visste du at du som er Norsk Tipping-kunde kan være med og bestemme kva deler av overskotet skal gå til? Det kan du gjennom Grasrotandelen.
-
Open Hall 24. mars!!!
Vi knallar til med ny Open Hall i påska!!! Både Maria, May-Britt og eg var i sving under Open Hall forrige gong. I tillegg hadde vi med oss 2 turninstruktørar, 3 frå crewet på "Subben" og 4 frivillige i klatreveggen. Når det kjem så mykje folk er vi HEILT avhengige av hjelp frå frivillige!!! Vi har fortsatt plass til fleire hjelparar!!!
-
Den internasjonale kvinnedagen
Vi feirer den internasjonale kvinnedagen; 8. mars på Nordfjord Folkemuseum. Godt program med dugande kvinner, mat og prat! Velkomen!!!
-
Open Hall
Open Hall 4. februar vart ein suksess!!! Vi har planar om å arrangere Open Hall 11 gongar til. Kan du bidra? Det kan vere enkle oppgåver som å rigge til og rydde i hallen eller organisere kø til aktivitetane. Har du brattkort eller sikringskurs? Idèar til aktivitetar eller andre ferdigheiter som kan kome til nytte i Open Hall?